Erna Osland og Sigbjørn Lilleeng: Bestem deg, Tony T, bestem deg!

Tony T og kusina Silja er begge på ferie hos farfar. Silja er modig og liker veldig godt å dykke, og ho meiner bestemt at Tony T er veldig treig og aldri kan bestemme seg. Farfar er litt uroleg for alt Silja finn på, for i fjor måtte ho hentast med helikopter. Silja stikk seg ofte bort, og Tony leitar.

Tony finn ho på loftet der ho nærast overfell han. Ho seier ho skal vise han ei hemmelegheit, men ombestemmer seg. Etterpå kjem ho durande ned på kjøkkenet med eit kart som farfar fortel har vore oldefarens markeringar av kvar det finst vrak. Silja liker å dykke på vrak, det var det ho hadde gjort sommaren før. På loftet finst det visst mange rare saker.

Dagen etter er Tony og farfar ute i robåten då ein båt kjem mot dei i full fart. Det er ein politibåt som leitar etter ein sakna gut som hoppa frå hurtigbåten to dagar før. Kvar er det blitt av han? Og kva er det eigentleg som hender oppe på loftet? Kvifor vil ikkje Silja la Tony gå dit opp aleine? Er farfar verkeleg så dårleg i auga som han seier?

Tony synest det er mange lause trådar og underlege ting som blir sagt. Han oppdagar ikkje samanhengane, og spenninga stig. Men mysteriet på loftet blir avdekt etter kvart, og Tony kjem i eit dilemma. Han veit med seg sjølv kva som vil vere det rette å gjere, men han veit også at farfar og Silja tenker motsett. Kva omsyn skal vege tyngst?

Erna Osland har skrive ein god og lettlesen roman som tematiserer etiske problemstillingar. Sigbjørn Lilleeng har laga flotte illustrasjonar. Romanen vekslar mellom rein tekst, teikna bilde og teikneserie, alt i blå nyansar. Det er god samanheng mellom tekst og bilde, og dei utfyller kvarandre.

Utdrag frå boka: