Bente Bratlund: Svikta!

I Svikta! møter vi Iris som bur i lag med mamma. Iris er flink til å synge og danse, og ho skal bli forfattar. Ho har skrivebøker fulle av historier ho har dikta. Det er som ho blir ei anna når ho syng, dansar eller diktar og kan flykte frå vonde tankar og problem.

Foreldra til Iris har skilt lag, og Iris er skuffa og sint på pappa som brukar all tida si på den nye kjærasten, Lise. I tillegg har Iris og mamma flytta til ein ny stad, og Iris er framleis «den nye» på skulen. Når pappa fortel at han ikkje kan kome på skuleframsyninga der Iris er solist, blir alt verre. Ho og klassen har øvd i vekevis, og no vil ikkje pappa sjå henne danse og synge slik han hadde lova. Iris er så sint at ho diktar opp ei historie om pappa som hemn. Men tenk om vennene i klassen finn ut at ho har loge? Og kva vil pappa seie om han oppdagar kva Iris har gjort?

Svikta! er ei hjarteleg forteljing om sakn, kjærleik og venskap. Lesaren kjem tett på konflikten som pregar historia frå start til slutt, med språk og skildringar som gir verdifull kjennskap til hovudpersonen.