Arnfinn Kolerud: Snillionen

Frank og Mor vinn 24 millionar kroner i lotto. Mor seier at Frank ikkje får bruka sin del før han vert atten, og sjølv har ho tenkt å halda fram med å leva som før, bortsett frå at ho tek ei breiare stripe med majones på skiva enn det ho tidlegare har brukt å gjera. Det heile er særs frustrerande for Frank,  og det vert ikkje noko betre då Mor ein dag går ut i avisa og seier at ho vil gje bort ein million til ein person i bygda som gjer noko ekstra snilt. Tanken til Mor er at det skal inspirera folk til å gjera gode gjerningar, men ting går ikkje heilt etter planen. For pengar kan få folk til å gjera litt av kvart …

Boka tematiserer at pengar i seg sjølv ikkje skaper lukke, men går ikkje i «folk er lukkelegare utan pengar»-fella. I staden får lesaren intelligente skildringar av kva fattigdom kan få folk til å gjera, og kva rikdom kan få folk til å gjera. Men mest av alt er dette ei genuint morosam bok, full av humor, språkleik, kolerudske skildringar og artige observasjonar.

Denisa fordeler brusen i tre glas. Frank tar ein slurk av sitt og set det ned att med ein klunk. Eit punktum.

– Oskar, seier han. – Kva er det snillaste du har gjort?

– Snillaste, seier Oskar. Han seier det fleire gonger, som om det er ei engelsk glose han prøver å hugse kva betyr. Han drikk halve glaset sitt.

– Ein gong, på kaia, redda eg Aleksandra frå å drukne.

– Eh … vi var der, seier Denisa. – Det var du som skubba henne uti.

– Eg kasta uti eit tau til henne, seier Oskar.

– Ja, men du heldt ikkje i andre enden. Du kasta uti heile tauet, seier Frank.

Oskar rynkar panna og tømmer glaset sitt.

– Eg var redd ho skulle dra meg uti.