Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Finn Tokvam: Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete

Lothepus. Går det til helvete, så går det til helvete er biografien om Leif Einar Lothe – eller som dei fleste kjenner han: Lothepus.

Lothepus sine forteljingar frå barndomen, om utdanning, arbeidsliv og andre eventyr er førte i pennen av Finn Tokvam. Boka vitnar om mange røvarhistorier og påfunn, men òg hendingar som snur livet på hovudet og som er avgjerande for framtidige val.

Som lesar kjem ein tett på Lothepus, og mange vil kanskje bli overraska over dei meir omsorgsfulle kvalitetane ved den elles så brautande og provoserande mannen vi har sett på TV. Provoserande kan han rett nok vere på papiret også, men han står fram som ærleg og tru mot seg sjølv.

Lothepus er kanskje ikkje ei bok for alle, språket er krast og mange av påfunna tvilsame. Men har du ein skulelei elev, så kan det kanskje freiste med ei bok litt utanom det vanlege. Kanskje vil nokre kjenne seg att i ønsket om å heller drive praktisk arbeid framfor å sitte på skulebenken, kriblinga i kroppen etter å gå på jakt og andre opprør mot fastsette normer i dagens samfunn.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker