Inger Johanne Sæterbakk: 1000 dagar

1000 dagar, det er så lenge Johanna har rekna ut at ho skal gå på ungdomsskolen. Ho har vore bestevenn med Georg alle åra på barneskolen, men nå synest ho det har blitt skrekkeleg vanskeleg og utfordrande å fortsetje vennskapen. Johanna treng ein pause!

Johanna innbiller seg at alle snakkar om Georg og ho, og ho er livredd nokon skal spørje om dei er kjærastar. Det er dei jo slett ikkje. Johanna kjenner ikkje att seg sjølv, ho liker ikkje endringane som skjer med kroppen, og ho liker ikkje at andre snakkar om puppar og mensen. Og ho veit ikkje korleis ho skal oppføre seg mot ein venn ein har pause frå. Ho tel ned dagane.

Johanna tenkjer mykje på korleis Georg har det, og om det går an å vere venn med han trass alt. Men han er så sur! Ein dag gøymer ho seg bak hekken for å sleppe å snakke med han, og held på å tisse seg ut. Då tenker ho: «Få den koko tanken ut. Vere normal. Det er faktisk den viktigaste oppgåva i livet mitt akkurat no. Å vere normal» (s. 96). Likevel er det å ha pause frå vennskapen med Georg vanskeleg kvar einaste dag: Når han ikkje vel ho til innebandylaget sitt, når han og søstera skal overnatte hos Johanna og broren, når ho ikkje får sove om natta eller klarer å ete, når ho ikkje kan konsentrere seg om lekser og når ho synest dei andre jentene er for teite.

Katten Perla sitt eventyr har resultert i kattungar, og dei blir fødde i kleskorga medan Johanna feirar 13-årsdagen sin. Kven kan noko om kattar? Jau, sjølvsagt Georg. Dei hentar han, og han tar kommandoen og seier at Perla må ha ro. Gutane blir med i resten av bursdagen. Etterpå meiner Johanna at dei kan ta pause frå pausen, men så enkelt synest ikkje Georg det kan vere.

Johanna elskar «Victoria» av Knut Hamsun, og skriv om boka. Teksten hennar blir lesen opp i klasserommet, men samstundes blir det avslørt at Johannes som ho har fortalt ho er forelska i ikkje er ein verkeleg gut, men ein romanfigur. På uforklarleg vis reddar Georg ho ut av denne knipa. Men klarer dei å finne tilbake til vennskapen dei ein gong hadde?

Sæterbakk har skrive om Johanna og Georg på ein svært gjenkjenneleg måte, og skildrar med innleving kor utruleg komplisert og frustrerande det kan kjennast å begynne på ungdomsskolen. Det er då det kjennest umogeleg å vere berre venn med ein gut.