Susie Hodge: Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten?

Kvar får kunstnarane ideane sine frå?
Kan du vise følelsar i bilete?
Kvifor er noko av kunsten så rar?

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten? & andre viktige spørsmål om kunst introduserer barn og unge for kunsthistorie med eit format godt tilpassa målgruppa. Boka har korte tekstsekvensar der innhaldet er eksemplifisert gjennom bilete, faktainnslag, utheva skrift, varierande fontar og eit dynamisk uttrykk. Fleire stadar peikar teksten bakover eller framover, og guidar lesaren gjennom boka med innslag som «Kven andre måla fleire synsvinklar på ein gong? Gå til side 60». Teksten engasjerer lesaren gjennom bruk av spørsmål og oppmodar til refleksjon og drøfting av innhaldet i kunsten.

Kva er greia med alle dei nakne folka i kunsten kan lesast frå start til slutt, eller ein kan nytte boka til å lære om enkelte kunstverk, kunstnarar, tema eller epokar. På denne måten fungerer boka litt som eit oppslagsverk, og ein finn ordliste og register bakarst i boka.

Boka har mykje humor, eit lett og engasjerande språk, og er ein fin innfallsport for dei som ynskjer å lære om kunst. Ho byr på mange spørsmål og svar, og gir med dette lesaren nokre verktøy til korleis ein lettare kan undre seg over kunsten, leite etter svar og forstå kunsten sjølv.

Utdrag frå boka: