Katarina Genar: Den mystiske skulen

Leseland. Nivå 2.
Illustrert av Alexander Jansson.
Frå svensk ved Øystein Rosse.

Den mystiske skulen er ein bokserie med tre bøker: Ånda i glaset, Spøkelseshunden og Svartedama.
Dette er spennande forteljingar med passelege mengder grøss og gru.

Serien er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og store illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Bokserien er på nivå 2 og eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Det er om lag 15–20 ord per side. Lesaren finn god støtte i dei mange illustrasjonane som er direkte kopla til teksten. I byrjinga av boka får lesaren presentert dei ulike karakterane med bilete og namn.

Grete går i første klasse på ein skule som er kjempegammal, over 100 år. På veggane heng det gamle bilete av dei tidlegare lærarane og rektor. Dei ser sure og dystre ut. Det knirkar og knakar i veggane og ein høyrer uforklarlege lydar. Det skjer òg mystiske og litt skumle ting. Det er dei gamle lærarane og elevane som går igjen! Sally i tredje klasse kjem med alle moglege forslag og aktivitetar for å kalle fram dei mystiske åndene, men dei viser seg ikkje for kven som helst. Same kor hardt ein prøver.

Utdrag frå bøkene: