Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Malte Persson og Rui Tenreiro: Reisa til verdas farlegaste land

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Reisa til verdas farlegaste land – undervisingsopplegg for 4.–7. trinn.

Simen Hagerup si gjendikting av Malte Perssons Reisa til verdas farlegaste land tek oss med til ei verd med både sjøuhyre, troll, spøkelse og andre skumle vesen. For å kome deg fram til slottet må du gjennom skogen, med alle slags prøvingar.

Du er slett ikkje trygg sjølv om du skulle kome deg inn på slottet heller:

Kjøkkensjefen lagar støtt
sin livrett: kverna løk og kjøtt.
Det hender at eit barn dett ned
i kverna og blir kverna med.
Det beste er nok å gå raskt forbi
viss ikkje du vil bli til evig tid.

I verdas største slott er det både skrekk og gru, men det finst ein veg ut. Dessutan har monstera ei oppskrift for kva som er god oppførsel, og kva du skal gjere for å kome deg heilskinna heim igjen.

Teksten er i diktform, og det kler denne reinskorne forteljinga. Dei makabre, men humoristiske illustrasjonane støttar godt opp om teksten. Her er akkurat nok grøss og gru til at nakkehåra reiser seg, men ikkje verre enn at du får sove om kvelden. For barn i alle aldrar.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
9–12
3–6
6–9