Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Gaute M. Sortland: Korte meisterverk

Tittelen på novellesamlinga Korte meisterverk av Gaute M. Sortland kan verke ambisiøs, men vi forstår etter kvart at tittelen ikkje er meint verken som sjølvskryt eller ironi, men har eit svært konkret utgangspunkt. Og kva det er, får du lese i den novella som sjølvsagt heiter «Tittelen».

Likevel er det slik at dei 30 korttekstane og novellene godt kan omtalast som meisterlege, og dei er godt eigna til bruk i vidaregåande skole. Nokre av dei formidlar augeblikksbilete og tankar, andre inneheld korte historier. Og sjølv om det handlar om kvardagssituasjonar, livet og døden, unngår Sortland klisjeane.

Tankane og medvitet om døden går igjen i mange av tekstane. Ein eg-person tenker på at ein dag vil dødsannonsen over han sjølv stå på trykk i avisa, og han tenker på kva folk då vil samtale om: «Var ikkje det han som skreiv tynne bøker på nynorsk?»  Ein annan tekst er eit omvendt minneord, Geir som er død var slett ikkje ein triveleg person. Han snakka altfor høgt, han banka kona si, han skraut av å ha vore saman med andre damer og han har stole. Så at han no er død, er ei stor glede.

Vi møter også åtte-åringen som skal vere med i gravferd til ein slektning han aldri har kjent, som ei førebuing til døden, han som drikk sin siste Pernod og døyr av hjartesvikt og han som skjønar at han kjem til å dette ned frå stigen ganske snart.

Tilværet som poet blir tematisert, det same gjer den krevjande skriveprosessen. Vi møter poeten i den første novella der han sit på ein benk i parken og ventar på inspirasjonen, og Sortland ironiserer over forfattarmytane: «Han var ikkje så svak i trua at han skulle skrive prosa, som enkelte kollegaer. Ein skreiv ikkje for pengar».

Norsklæraren har også fått ei rolle i samlinga. I «Eit skuleeksempel» møter vi ein stressa norsklektor som opplever at senga hennar blir fylt av fleire og fleire steinar, før ho på underfundig vis oppdagar kvifor det skjer. Norsklæraren møter vi også på tur med bror sin i USA der han får høyre ei særs uventa avsløring. Her er mykje å gle seg over for norsklærarar, ikkje minst den kostelege nyskrivinga av innleiinga til Markens grøde.

Her er også tekstar med minne frå barndommen, og ei slags oppsummering av eit levd liv fram til førtiåra: «Kva var det han hadde vore så redd for?» og «Viktige episodar, enkel utgang» er døme på noveller som fortel om viktige hendingar i barndommen og korleis ein tenker tilbake på dei når ein er blitt vaksen.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker