Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Randi Fuglehaug og Jill Moursund: Papelina

Papelina er ei lita papegøyejente som bur i den frodige jungelen saman med veslebror Papo, Papa Gøye og Mama Gøye. Der har dei det fint, men ein dag fortel Papa Gøye at dei må reise frå heimen sin. Han seier dei skal på eit topphemmeleg eventyr, og at dei må reise alt same kveld, utan å fortelje det til nokon. Dei får berre pakke med seg nokre få ting i kofferten, før dei flyg av garde til hamna. Båtane der skal ta dei over havet til eit nytt land, for det er for langt å flyge heile vegen over havet.

Papa Gøye gjer alt han kan for å halde humøret og motet oppe hos Papelina og dei andre i båten på den farefulle ferda over havet. Ein annan liten papegøye ramlar til og med over bord, men Papa Gøye klarer heldigvis å berge han og passe på han til han finn familien sin.

På den andre sida av havet er alt nytt og annleis, og dei må bu i eit lite rom i starten, alle fire. Det er langt ifrå det eventyrslottet som pappa hadde lova Papelina. Først blir ho veldig sint og skuffa over Papa Gøye. Ho synest han skal slutte å fjase og tøyse slik heile tida. Men er det eigentleg ein lur måte å gjere noko som er trist, litt artigare?

Papelina er ei historie om flukt, familie og vennskap. Og om kva det vil seie å vere heime.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

3–6
6–9
Frost
3–6
3–6