Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rune Timberlid: Blodhemn

Hendingane er lagde fram i tid, til 2019. Gruva i Vevring skal opnast, og tonnevis med sand og støv og eit lik er på veg mot botnen av Førdefjorden. Beinrestar av eit anna lik dukkar opp i ein trål, og det er hundrevis av demonstrantar i området. Demonstrantane kaprar ein dumpar og køyrer rett mot eit sprengstofflager. Politiet i Florø og Førde får meir enn nok å handtere.

Her får vi ein samfunnsaktuell krim, full av spenning til siste side og med eit godt driv. Det er mange lause trådar og mange mistenkte som har sine motiv for mord. Dette er åttande bok om kriminalbetjent Rolf Randen, som har løyst kompliserte saker mange stader i Sogn og Fjordane. Boka kan godt lesast som ein frittståande roman.

Mette Krokane, styreleiar i gruveselskapet Krokan invest og sjefsgeolog, er drepen, og ho blir funnen i utsleppsrøyret for gruveavfallet. Det andre liket viser seg å vere Torstein Viland, han forsvann i 1972. Bilen hans blei funnen i fjorden, men ikkje han. Det har vore ein langvarig konflikt mellom Krokane-familien i Florø og Viland-familien i Førde, ein konflikt som starta med lokaliseringsstriden om sjukehuset i Sogn og Fjordane tidleg på 70-talet. Viland-familien driv eit eigedomsselskap, og tener store pengar.

Mange kan ha motiv for mordet på Mette Krokane. Her er folk som har mista pengane dei har investert i selskapet, her er militante miljøvernarar som prøver å infiltrere, og her er ein fiskar og ein lakseoppdrettar som vil miste grunnlaget for å drive vidare. Vi møter også ei spennande dame som har hatt eit forhold til fleire av personane, og her er folk som er rusavhengige. Mange av dei involverte har hatt føre seg saker på kanten av lova, derfor held dei også tett overfor politiet.

Rolf Randen får travle dagar. Det same gjer sambuaren hans, Karianne Grinde, som er journalist i Firdaposten. Dei to har ofte motstridane interesser når det gjeld om og korleis opplysningar skal offentleggjerast, og har vanskar med å anerkjenne kvarandre sitt arbeid. Forholdet mellom dei er på halv tolv, og Rolf tenker mykje på den flotte dama han hadde før. Karianne får eit stort oppslag i avisa, der ho antydar at det er snakk om hemnmord over fleire generasjonar i Krokane- og Viland-familiane. Men kan det verkeleg vere tilfellet?

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker