Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lin Hallberg og Jonna Björnstjerna: Den magiske dyrebutikken. Mira

Den magiske dyrebutikken er eit av dei nyaste tilskota på nivå 2 i Leseland-serien til Samlaget. Bøkene på dette nivået eignar seg for barn som klarer å lese små tekstmengder. Bøkene har framleis mange illustrasjonar der teksta er direkte kopla til bileta, men med auka tekstmengd per side frå nivå 1.

Mira drøymer om å ha eit eige dyr. Eit dyr som ho kan vere glad i, ein ven. Mira veit at det er ein magisk dyrebutikk i byen, og dit vil ho reise når ho har spart opp nok pengar til å kjøpe eit kjæledyr. Mira undrar svært på kva dyr ho skal kjøpe, og ho sparer alle pengane ho får, heilt til ein dag då sparegrisen er full. No startar eventyret. Ho set seg på bussen og køyrer inn til byen. Men når ho kjem til dyrebutikken, er han litt skummel. Det jobbar ei mystisk dame der, og det er rare lydar overalt. Vil Mira få sitt eige dyr til slutt?

Den magiske dyrebutikken er ei fin forteljing om å trasse redslar og utfordre seg sjølv. Mot slutten av forteljinga får lesaren vite at Mira si usikkerheit er røtt i hennar eigen bakgrunn som adoptivbarn, og vi ser kor viktig det blir for henne å verne om den vesle skapningen ho tek med heim.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6