Per Olav Kaldestad: Når sola kjem dettande inn. Dikt for store og små 1990–2004

Nissedikt 1

Julekveld.
Snøen fell.
Mellom tre
tassar det.
Stemme-bulder,
sekk på skulder.
Nissefar
og veslekar
går frå gard til gard.

Når sola kjem dettande inn er ei samleutgåve av dei tre fyrste diktbøkene for born av Per Olav Kaldestad: Sola klappar meg (1990), Denne jorda eg bur på (1998) og Når morgonfrosken syng (2004). Nina Goga har skrive etterordet i denne samleutgåva.

Dikta er av varierande lengde, der nokre står som små haikuar, medan andre har vers som strekkjer seg over fleire sider. Mange av dikta har ein undrande tone som, i kombinasjon med ordval og tematikk, talar til det barnlege i oss. Mykje av innhaldet krinsar rundt naturlege fenomen, kvardagslege motiv og kjensler vi alle har ein kjennskap til. Samstundes kjem Kaldestad med interessante observasjonar og uventa vinklingar, som til dømes i dikta «Sorg» og «Krigssong». Dette gir mange av dikta ei djupne som appellerer til eldre lesarar. Som Nina Goga skriv, er ikkje Kaldestad berre «en idylliserende sommer- og solskinnsdikter, men også en som reagerer på urett, på angrep rettet mot de som er mest sårbare, det være seg planter, dyr og mennesker» (s. 127).

Dette er ei fin samling med dikt som får oss til å mimre, trekkje på smilebandet og reflektere. Det er dikt ein godt kan lese høgt saman med barn, i klasserommet eller heime i sofakroken.