Linda Klakken: Dumme, dumme hjarte

I byrjinga av boka tykkjer Klara at kyssing er ekkelt. Ho grøssar av synet av Romeo som kyssar Julie på teateret. Æsj! Spytt og greier! Men so hender det, slik det gjerne gjer i den alderen, noko som gjer at ho sjølv får lyst til å kyssa: Det byrjar ei ny jente i klassen. Marie heiter ho, og ho er det finaste Klara har sett. Ho dansar som ei gudinne og ser heilt nydeleg ut. Klara vert hovudstups forelska.

Klakken tematiserer ikkje at det er ei jente som er forelska i ei jente, men får fram det universelle i situasjonen. Kjærleik er kjærleik, og forelsking er aldri enkelt. Korleis skal du få sagt det du du føler til den du er forelska i? Tenk om den personen ikkje er interessert? Det her er kjensler alle kan kjenna seg att i, same om dei er forelska i ein gut eller ei jente.

Å lesa Dumme, dumme hjarte er som å lesa ei meir intelligent utgåve av Dustedagboka og liknande bøker. Parallelt med hovudhistoria om forelskinga er Klara involvert i fleire andre handlingstrådar. Ho freistar finna ein ny kjærast til far sin – med litt ymse og komiske utfall, ho slit med å meistra trinna til ballettframsyninga ho skal vera med på, og på skulen er det intrigar i samband med den årlege kåringa av rypetoppen og typetoppen. Og hand i hand med tøysete forviklingar får me altso fine skildringar av kjærleiken.

Utdrag frå boka: