Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Erna Osland og Inger Lise Belsvik: Bokstavsommaren

Opplegg til boka:
Du kan sjå filmar med opplegg og lese heile boka på nynorsksenteret.no/bokstavsommaren.

Bok på 1-2-3: Bokstavsommaren – Tverrfagleg uteopplegg på 90 minutt for 1.–2. klasse i faga norsk, naturfag og kunst og handverk.

Erna Osland har på oppdrag frå Nynorsksenteret og Lesesenteret skrive ei samling med bokstavtekstar. Kvar forteljing fokuserer på ein enkelt bokstav og handlar om Styrk og Zara. Forteljingane innbyr til samtalar om det du finn i fjøra og til leik med bokstavar, lydar og ord. Tekstane kan lesast som ei samanhengande forteljing, men det er òg mogleg å lese dei ulike bokstavforteljingane frittståande. Alle tekstane er illustrerte av Inger Lise Belsvik.

Bokstavsommaren har vore tilgjengeleg digitalt på Nynorsksenteret sin nettstad sidan 2015, men er no endeleg utgitt i bokform.

I tråd med Rammeplan for barnehagen (2017) som seier at barnehagen skal bidra til at barn leiker med språk, symbol og tekst, og stimulere til språkleg nysgjerrigheit, bevisstheit og utvikling, inviterer språkbruken i Bokstavsommaren til slike aktivitetar. Sjå berre her:

– Styrk lurer meg, klagar Zara til mor. – Han
seier at ku er ein bokstav, men ku er jo eit dyr?
Da seier mor noko forferdeleg.
Ho seier at Styrk har rett,
og at Q er ein av dei 29 bokstavane våre.
– Q må til om du vil skrive quiz, spørjeleiken, altså.
Og quickstep, ein morosam dans. Kom! seier mor.
Ho svingar Zara med seg i ein vill dans.
Zara må le, mor er så rar, ho spenner frå som ei ku.
Men så må mor arbeide, og Zara må spørje seg sjølv:
Vil eg ha ein masse med bokstavar? Vil eg det? (s.15)

Gjennom Zara viser Osland barnelesaren korleis ein kan fundere på bruken av bokstavar, ord og lyd. Og med mors oppsedartilnærming til Zara får Osland fram den attkjennelege dialogen mellom den som kan og den som lærer. Dette møter barna i både heimen, barnehagen og skulen. Ein skal ikkje vere redd for å la ungane sette spørsmål ved bokstavlæring, men heller samtale om språk og vise kvifor ein treng å lære.

På konferansen God start. Begynneropplæring i skolen på Høgskulen på Vestlandet fortalde lærar Vibecke Moldestad om eit prosjekt med utgangspunkt i elevane sitt spørsmål kvifor må vi lære å lese. Moldestad tok elevane med på tur i nærmiljøet og dokumenterte all skrift dei møtte på vegen frå start til slutt. Dei oppdaga fort kor avgjerande det var å kunne lese skilt, bussruter og andre oppslag. Ei slik praktisk tilnærming gjorde elevane merksame på kvifor det er viktig å kunne å lese.

– Den som kan bokstavane, kan lese. Og den som kan lese, kan alt … (Styrk, s. 17)

Bokstavsommaren ei fin bok for dei eldste barna i barnehagen og for barn i småskulen. Boka er ypparleg å ta med seg ut på tur, enten i fjøra eller ut i naturen. Her kan ein til dømes lese forteljinga om K for krabbe, eller E for eremittkrepsen. Er ein heldig, finn ein dyra historiene fortel om. Ei slik tilnærming kan gi elevane knaggar å henge informasjonen på, og gjere innhaldet meir levande og relevant. Det er òg eit poeng at hovudvekta ikkje treng å ligge på sjølve bokstavinnlæringa. At boka er tilgjengeleg også digitalt, opnar for mange gode måtar å arbeide med teksta på.

Fleire boktips

6–9
3–6
6–9
Frost
3–6