Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Kjersti Wøien Håland: Kom og hent meg

«Kva ventar dei på? Grasstråa som står i giv akt. Ein ordre frå løvetannobersten, eit dytt frå røter, ein grasklipper som kan halshogge dei?». Desse orda slår an tonen og tematikken i dikta i samlinga Kom og hent meg. Her er det korte dikt på kvar side, mange av dei med ein humoristisk undertone. Dette er dikt som kan fenge ungdommar og vaksne, og som kan gje oss noko å tenke på.

Alt og alle har noko dei ventar på, vi ventar rett og slett på å bli henta. Vi ventar på at noko skal skje, det kan vere at ein kan komme seg over ei grense og få ein ny sjanse ein annan stad. Vi ventar alltid, ein kan vente på bussen, på ein transkontinental t-bane, på at nokon skal hente ein inn i leiken eller at ein skal bli frelst. Perspektivet til Håland vekslar mellom det heilt nære og det som femnar heile universet. Vi kan ane ein kritikk av korleis vi ikkje gjev plass til andre menneske som kunne trenge at vi henta dei, dei som frys og er svoltne. I dikta skriv ho også om klimaendringar og søppelproblema våre, og dei formidlar ein omsorg for medmenneske og miljøet rundt oss.

Og medan ein ventar, står ein gjerne bare der, nokså passivt og spinn rundt seg sjølv. Vi veit ikkje alltid kva vi ventar på, men vi vonar at nokon ventar på oss. Det er til og med mogleg å vente på den som ligg ved sida av oss i senga. Av og til blir vi berre sitjande. Dette handlar om identitet, om kvar ein har plassen sin i verda og kva retning ein skal. Då kan ein gjerne berre bli ståande ein stad, eller kjenne det som om ein er fast i ein ruin. Det handlar også om eit eg og eit du, igjen knytt det det å vente på å bli sett eller bli henta.

«dra og hent dei / dei har reist lenger / enn eg nokon gong / har reist og likevel /kjem dei ingen veg» er eit dikt som er typisk for denne samlinga. Ho sluttar med eit eksistensielt spørsmål til oss som les: «og du då / kva ventar du på?»

Fleire boktips

ungdomsbøker
krim
dikt
unge vaksne