Ida Eva Neverdahl: Jojo

Den fargerike, humoristiske og absurde teikneserien Jojo går fast i Norsk Barneblad. Her møter du robot-einhyrningar, ånder i brusboksar, ninjamødrer, søte dyr, fiskeprinsesser og anna som Jojo støyter på i den magiske kvardagen sin. No er endeleg seriane om Jojo samla i bokform, med ei heilt nyskriven rammeforteljing som opnar og avsluttar boka.

Streken til Neverdahl er leiken og levande, og forteljingane er slik at du aldri veit heilt kvar dei kjem til å enda opp. Når boka i tillegg har fått eit lekkert omslag (plusspoeng til Samlaget for smakfull bruk av glitterbokstavar), er det ikkje rart at niåringen min var særs snøgg med å plukka opp og lesa boka med det same me fekk henne i hus.

Vil du lesa meir Jojo? Då kan du abonnera på Norsk Barneblad, so får du jamlege påfyll med den sprudlande galskapen.

Utdrag frå boka: