Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Tor Arve Røssland: Den tolvte spelaren

Opplegg til boka:
Nynorsksenteret.no:
Undervisningsopplegg til boka Den tolvte spelaren
Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru

Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 14–26)

Denne lettlesne romanen tar opp aktuelle problemstillingar som rasisme, vald og trugsmål, og kor vanskeleg det er å fortelje om noko ein veit ein bør fortelje om, samstundes som ein har lova å ikkje seie noko. Historia blir etter kvart svært spennande og dramatisk, det går på livet laus. Og Kevin blir merkt av hendingane i Våg for resten av livet.

I prologen hugsar Kevin Borgen tretti år tilbake på den tida han var ungdom og budde i Våg. Han les i avisa at Kåre Hansen er død som følgje av eit slagsmål. Kåre og Kevin var gode kompisar den gongen, då alt det dramatiske hende:

Kåre inviterer Kevin med på grusbanen med det same Kevin kjem flyttande til Våg, og seier dei skal vere på same laget. Kevin, som er adoptert frå Colombia, viser seg fram som ein dyktig fotballspelar. Han er overraska og glad for den gode mottakinga han har fått, heilt til bølla Ronny dukkar opp. Ronny trakasserer Kevin både fysisk og med ukvemsord, men Kåre meiner han ikkje skal bry seg.

Kevin er den siste i dusjen etter fotballtreninga. Borte i det mørke hjørnet ser han ein mørk gut med fotballdrakt og nummer 12 på ryggen. Samstundes kjenner han eit kaldt gufs og lukta av noko rote og surt. Guten forsvinn, men Kevin har mareritt om natta.

På neste fotballtrening overhøyrer Kevin at Kåre og Ronny kranglar om noko, men ingen av dei vil fortelje. To jenter i klassen seier at Kevin ikkje må stole på Kåre. Den same dagen ser han igjen guten med nummer 12 i skodda, og spør Kåre om han har sett han. Kåre blir heilt bleik. Alt dette får Kevin til å lure på kva som verkeleg har hendt, og han konfronterer Kåre. Og Kåre fortel om alt det han har lova å ikkje seie, noko som skal vise seg å få alvorlege konsekvensar.

Samstundes føregår det ein leiteaksjon etter Ronny som tilsynelatande er sporlaust forsvunnen. Kvar er han? Er det berre Kevin som ser guten med nummer 12 på drakta? Og kven veit eigentleg noko om kva som hende året før? Dramatikken byggjer seg opp mot eit avgjerande høgdepunkt med konsekvensar ingen av gutane kunne ane rekkevidda av.

Hundre lettlesne sider med spennande innhald passar bra for dei elevane som kanskje ikkje er dei ivrigaste lesarane.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
9–12