Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Mette Karlsvik og Tord Torpe: Kjøt

Teikneserien Kjøt går i hovudsak føre seg i skogen utanfor Oslo, der me i ein kort periode fylgjer ein ung, kvinneleg student. Ho tek bussen til endehaldeplassen for å utforska området, men rotar seg bort og famlar inn i eit møte med det ukjende. Teksten til Karlsvik og teikningane til Torpe vekslar mellom store liner og ørsmå detaljar. Dei skildrar ei stemning som ligg ein stad mellom draum og røynd, og det heile går føre seg i grensene mellom trygt og utrygt, natt og dag, ljos og mørker og storby og villmark.

Teiknestilen er heile tida i endring, med innslag av detaljert naturalisme, sterk stilisering, kubisme og sitat frå sopass ulike kunstnarar som Kittelsen og Botticelli. Men nett som i ein draum der urelaterte brotstykke vert kopla saman til noko nytt som gjev meining der og då, men som du kan henda ikkje får til å gjera greie for i ettertid, kjennest den visuelle vekslinga i Kjøt heile tida ut som ein heilskap.

Fleire boktips

6–9
krim
dikt
unge vaksne