Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Robert Muchamore: Brigands MC

Dette er den 11. boka i Cherub-serien.

Boka startar i motorsykkelklubben Brigands. Faren til hovudpersonen er medlem, og åtte år gamle Dante er ofte til stades i dette kriminelt belasta miljøet. Faren ryk uklar med leiaren i klubben, og Dante vert vitne til at foreldra og to av søskena vert brutalt drepne. Dante må flykte med veslesøstera, og dei vert plasserte i fosterheim.

Dante vert etter kvart rekruttert inn i Cherub, som er ein del av den britiske etterretningstenesta. Alle agentane er mellom 10 og 17 år.

Etter ei tid får Cherub eit oppdrag i heimbyen til Dante, der dei skal infiltrere motorsyklistane i Brigands MC. Dette kan vere Dante sin sjanse til å hemne drapet på familien.

Her får du spenning frå start til slutt. Boka krev lesarar som toler å lese om vald og røffe forhold. Ho er dynka i eksos, blod og testosteron.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
lettlesne bøker