Brynjulf Jung Tjønn: Smadra

Flamme forlag 2018

Oda og Milad er bestevenar. Men Oda har ei hemmelegheit som ho ikkje kan fortelje til han. Ho kan ikkje fortelje det til pappa heller, om mora som slår. Ho seier til alle som spør kvifor ho har blåmerke, at ho har velta på sykkelen, og pappa set sykkelen i garasjen. Pappa arbeider som pilot, og er ikkje alltid heime. Oda er redd, for ho veit aldri i kva situasjon neste slag kan komme.

Det er ei veksling mellom hendingar i nåtid og hendingar Oda hugsar frå tidlegare. Då tenker ho på fine stunder ho og mora har hatt saman og vore nære kvarandre. Dei er så annleis enn dei vonde opplevingane ho har med mora når ho slår.

Hanne er læraren hennar, og kallar ho inn til samtale. Hanne meiner ho treng ein time hos helsesøster, men Oda vrir seg unna. Ho fortel at ho har vore hos legen, og at han seier alt er i orden.

Mamma har vore lenge sjukemeld på grunn av ei hand som ristar og ikkje fungerer som ho skal. Ein dag seier ho at alt er Oda si skuld. Ho prøver å trekke tilbake det ho har sagt, men Oda blir gåande og gruble på kva det kan bety. Ein dag vil mora at ho og Oda skal køyre til byen for å handle og bu på hotell. Faren liker ikkje at mora køyrer, og då slår ho til han i skuldra. Då dei kjem heim, har faren vore redd, og mora spør: «Kvifor er du plutseleg så uroa no?» Etter dette hentar han fram att sykkelen til Oda.

Milad har med seg sine traumatiske hendingar, men Oda og Milad finn på mange kjekke ting i lag. Ein dag kjem han brått på og ser at mora slår Oda. Då minner han ho om noko ho har sagt til han: «At eg ikkje kunne gå og vere redd resten av livet». Dette blir eit vendepunkt for Oda, og seinare fortel ho Hanne at ho alltid er så redd.

Korleis det går med Oda og mora, får vi ikkje vite. Men Brynjulf Jung Tjønn tar opp ein svært viktig tematikk. Det er vanskeleg å leve med ei uføreseieleg mor, og det er vanskeleg å leve med så ei stor hemmelegheit. Han får også fram at det er heilt nødvendig å fortelje nokon ein stolar på om korleis ein har det, om ein skal få til ei endring.