Asbjørn Rydland: Draumsende

Asbjørn Rydland er no ute med Draumsende, andre bok i fantasy-serien Vegandi. Bok nummer ein, Galderstjerna, vart vinnaren då norske ungdomar i 2017 skulle kåra den beste ungdomsboka, og Draumsende er minst like god som fyrsteboka. Tempoet er høgt, språket er godt, handlinga er spanande og du veit aldri kva som kjem kring neste sving.

Eirik, Khalid og Maria freistar finna ut meir om bakgrunnen for hendingane i fyrsteboka, men støyter på nye spørsmål og problem som gjer at dei endå ein gong må reisa til Ingenmannsland. Der får dei læra meir om vegandi, galdrar og kampen mot anzilane. Men kven var det eigenleg som gav krefter til Eirik? Og kvifor får han brått brutale syn og draumar? Kan andre vegandi lita på han? Og kva hender når anzilane allierer seg med ei gruppe brutale nynazistar?