Irene Ahnéll og Elisabeth Moseng: Pling vaken

Har du opplevd å leggje deg utan å få sove? Eller kjenner du deg igjen i å skulle leggje born som slett ikkje er trøytte, og som treng både ekstra vatn, ein ekstra runde på do og å høyre minst ein ekstra god-natt-song før dei sovnar?

Klara har det slik denne kvelden. Ho er rett og slett pling vaken, same kva mor gjer eller seier. Og det blir ikkje enklare når skapmonsteret kjem fram og klagar over at ikkje han heller får til å sove, og at han er redd for spøkelset under senga. Klara må gjere alt ho kan for å roe skapmonsteret og få det til å sovne. Ho har lært nokre overtalande argument frå mamma, men er det nok?

Pling vaken er ei humoristisk bok med fargerike illustrasjonar. Her er det noko å kjenne seg att i for både liten og stor.

Utdrag frå boka: