Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Susanne Skogstad: Svartstilla

Ei eldre kvinne har mista mannen sin. Ho kjenner ei overveldande sorg over han som er borte, ho kallar det svartstilla.

Dei har tre vaksne barn som vil ordne opp for ho, dei har skaffa ein gamleheimsplass for at ho skal sleppe å sitje aleine i det store huset. Dei synest ho må kome seg vidare. Men ho vil ikkje. Ho vil vere i huset der ho kjenner nærværet hans. Teksten er ofte formulert som eit eg som snakkar til eit du. Kjenslene og tankane hennar dominerer, det blir fortalt som monolog med ein tankestraumseffekt. Her er ikkje mange hendingar, dei som er skildra er kvardagslege og daglegdagse. Teksten er også full av minne om slik han var, som kjæraste og far.

Dei tre barna er hjelpsame og kjem stadig innom. Ho aksepterer det, men ikkje at dei tar over livet hennar. Ho vil ikkje at dei skal rydde på loftet eller kvitte seg med saker etter faren, men det er vanskeleg å få formidla det til nokon som ikkje vil høyre. Ho får sagt: «Du får ikkje fjerne noko frå huset», men eldstesonen Jon tykkjer ho er urimeleg. Ho opplever at dei ikkje forstår at ho treng at alt er som før, og at ho knyter minne til dei tinga dei ser på som søppel og vil kaste.

Ho ønsker dei skal snakke om faren sin, men dei gjer sjeldan det. Ho tenker på at hennar verd ikkje lenger er god eller lys, og at ho var ei anna saman med mannen sin. Ho ventar på mannen, og kan ikkje tru at han er borte. Det kjennest umogleg å tenke på, ho saknar han veldig. Ho kjempar mot angsten, og ho klarer ikkje å snakke om det fordi ho veit at barna hennar ikkje vil forstå. Legen foreslår at ho skal få profesjonell hjelp, og barna vil det, men ho vil ikkje. Ein dag spør Jon korleis foreldra møttest og hadde det den første tida dei var saman, og ho kjenner seg nærare sonen når ho kan fortelje. Han liknar på faren.

Ein dag drar ho og barna på grava hans, det er kome ein gravstein der. Dei legg ned blomar. Men han er jo ikkje der, ho tenker han er heime og sit på stolen. Han er ikkje heime heller, kanskje ein stad imellom: «Fråværet kom og tok nærleiken din».

Brevet frå gamleheimen kjem. Ho trudde dei hadde forstått at ho ikkje ville dit, så ho krøllar det saman og kastar det. Ho prøver å nekte, men dei pakkar tinga hennar. Ho finn seg ikkje til rette, han er ikkje nær. Ein dag seier Jon at ho ikkje skal døy på gamleheimen, han løftar ho opp og køyrer ho heim til senga deira. Der får ho ligge under jakka hans.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker