Sivert N. Nesbø: Sjøen om vinteren

Sjøen om vinteren er ei veldig god og kjenslevar skildring av overgangen mellom det å vere barn og det å vere ungdom. Vi opplever alt frå tolv år gamle Elis perspektiv, korleis ho tenker annleis enn ho gjorde før, og korleis ho revurderer tidlegare hendingar. Ho har starta prosessen med å finne ut kven ho er. Gamle vennskapar endrar seg, og nye vennar dukkar opp. Men kva er det som skjer mellom foreldra?

Eli ligg i campingvogna og høyrer på foreldra som sit utanfor og pratar, dei er på veg til besteforeldra hennar. Snakkar foreldra om ho? Eli er i ferd med å sjå litt annleis på storebroren, ho treng ikkje alltid gjere det same som han. Derfor er det greitt at han ikkje er med på denne turen.

Eli undrar seg mykje over kva folk seier, og ho synest det er vanskeleg å tolke og finne ut av kva som ligg bak. Ho hugsar på hendingar frå åra før, og reflekterer over det som hende då på ein ny måte. Ho undrar seg over ting som har blitt sagt, og ho lurer på kvifor dei andre ikkje ville smake på popcornet hennar eller kvifor dei lurte ho ut på vatnet i ein kano og seinare heiv stein etter kanoen. Ho prøver å tolke ansiktsuttrykk og måten dei andre ter seg på, men forstår ikkje. Runa og Stine blei henta heim frå leirskolen etter hendinga med kanoen, men ingen i klassen har tatt kontakt med Eli for å høyre korleis det går med ho.

Venskapar endrar seg, nye og litt uventa vennskapar oppstår, og andre bleiknar. Ho er ikkje saman med Runa og Stine meir: «Det hadde lagt seg til ei togn mellom dei, som om dei hadde stilt seg utanfor å kunne seie noko til kvarandre, sjølv om dei før hadde kunna prate lett om alt som var».

Ho synest heldigvis at bestefaren er lik seg, han er slik han alltid har vore. Dei to har veldig gode stunder saman, dei snakkar ikkje så mykje, dei berre er i lag. Dei har ein stein som er deira, og dei er saman på fisketurar. Han har gøymt ei pakke til ho denne gongen også, men han gjer ikkje noko nummer av det. Eli blir glad, men tenker samstundes at ho kanskje er for stor til å leite etter gåver i hagen.

Når ho er hos besteforeldra, bruker ho å leike med naboungane Selma og Andreas. Noko har endra seg i høve til dei denne sommaren. Eli merkar seg kroppane deira på ein annan måte enn i fjor. Dei har ikkje alltid noko å finne på eller snakke om. Ein kveld kjem Selma inn vindauget på soverommet til Eli. Eli forstår ikkje kvifor ho ikkje kan gå inn døra. Selma spør om dei skal bade, men Eli har eigentleg ikkje lyst. Ho ombestemmer seg og blir med. Selma kler av seg og står i bare trusa. Dei badar og sit nakne ved sidan av kvarandre på berget. Eli veit ikkje kva ho skal seie, og stemninga er litt trykt. Ho lurer på kva det er Selma eigentleg meiner når ho tykkjer det er bra at Andreas ikkje er der. Eli vil kle på seg.

Eli er opptatt av at ho skal våge å seie meininga si oftare enn før. Ho vil ikkje bli med faren på ein køyretur. Eli tenker på dette medan ho og bestefaren er på fisking. Ho lurer mykje på kva foreldra driv med når ho ikkje er der. Eli er var for stemninga mellom foreldra, og tenker at ikkje alt er som det skal. For noko har endra seg med pappa.

Den dagen Eli har bursdag ser ho på mora at noko er gale. Pappa har reist, bilen er borte. Og nå vil mamma heim frå bestemor og bestefar med ein gong. Ho har det travelt. Eli spør kvifor mora hadde loge for besteforeldra. Faren er ikkje heime, og dei høyrer ikkje noko frå han heller. Han kjem tilbake etter nokre dagar, men stemninga er underleg. Eli er ikkje glad, og tenker mykje på kva som hender mellom foreldra. Ho er på vakt, ho tolkar moglege teikn, og ho lyttar etter korleis dei snakkar til kvarandre. Då er det bra at berre ho og pappa skal dra på hytta.