Øystein Runde: Berserk

I 2009 kom Øystein Runde med teikneserien Soga om Olav Sleggja, og etter ni års venting kjem no endeleg bok to i serien. Denne gongen byrjar soga med at Olav Sleggja går i land, hardt skadd, med eit spedbarn på skuldrene og med tarmane halvvegs hengande ut frå eit ope sår i magen. «Denne dagen vert lang. Eller kort», slår han fast på lakonisk vis. Deretter vandrar han rett inn i ein konflikt mellom tre ulike gjengar av berserkar, ein konflikt som kjem til å få eit blodig utfall.

På same vis som i den fyrste boka kan Berserk by på ein fin kombinasjon av ekstremvald, poesi, skandinavisk soge, norrøn mytologi og referansar til alt frå manga til barnebøker. Og boka gjev oss lesarar eit rikt råmateriale til å filosofera over ting som religion, vitskap, menneskeverd og andre store spørsmål. Men mest av alt er det her ei drivande god og spanande forteljing, breiddfull av slagkraftige replikkar.