Barnas Juleroser

Barnas Juleroser inneheld flotte forteljingar og vakre illustrasjonar som minner oss om at jula kan vere ei tid for å tenne lys og for å vere lys for kvarandre.

Temaet for heftet er «lys», og fleire av bidragsytarane har late seg inspirere av dette.

I det nye juleheftet finn ein tradisjonelt juleheftestoff som julesongar, juleevangeliet og juleeventyret «Piken med svovelstikkene». I tillegg finn ein nyskrivne dikt og forteljingar om jule- og advensttid av nynorske forfattarar som Ruth Lillegraven, Audhild Solberg og Maria Parr. Her er også ein teikneserie om jul og førebuingar og fleire sider med spennande romjulseksperiment . Heftet er illustrert med stemningsfulle, heilsides illustrasjonar av mellom anna Lisa Aisato, Stian Hole og Øyvind Torseter.

Bakgrunn
Barnas Juleroser er eit litterært julehefte for barn og står på skuldrene til Juleroser som er for vaksne. Heftet er utvikla i tett dialog med Herborg Kråkevik og hennar motto: Kunst og litteratur til folket. Heftet har tekstar på både nynorsk og bokmål, men fleirtalet av tekstane er på nynorsk. Som Juleroser har også dette heftet ei forhistorie. Barnas juleroser kom på dansk frå 1884 til 1930. Då heitte heftet Børnenes Juleroser. Mellom 1910 og 1925 var der også ei norsk utgåve. Dette heftet heitte Barnas Juleroser.