Juleroser

Juleroser er eit litterært julehefte med bidrag frå nokre av dei fremste kunstnarane og forfattarane i vår tid.

I årets Juleroser er temaet barn. «Barnet som julesymbol og barnet som barn. Mange av tekstane i år handlar om det å vera barnet til nokon, å få barn eller å lengta etter barn, om å mista eit barn og det å vera eit annleis barn. Men også om det store underet eit barn er, og det underfulle som skjer omkring koma til barnet med stor B julenatta.»

Nynorske forfattarbidrag i Juleroser 2018 kjem frå Hilde Myklebust, Arnhild Skre, Frode Grytten, Linda Eide, Brit Bildøen (omsetjing), Ingunn Thon, Nils-Øyvind Haagensen, Kari Veiteberg og Kristoffer Uppdal.

Juleroser skal vere ein samtale mellom litteratur og biletkunst. Det er mange kjende kunstnarar frå vår samtid som blir presenterte, som Håvard Vikhagen, Jan Töve og Katrin Berge, men også historiske kunstnarar som Edvard Munch og Christian Skredsvig har fått ein stor plass i juleheftet.

Juleroser kom ut for første gong i 1881, og var for sal kvar jul fram til 1944. I 2015 tok Herborg Kråkevik opp att tradisjonen og laga det første moderne Juleroser-heftet. I år kjem den fjerde utgåva.