Kristin Fridtun: Homoflokar

«Alle vil vera snille med homoane, men ingen vil vera homo sjølv» er eit sitat frå Kristin Fridtuns bok Homoflokar. Dette er ei ganske god oppsummering av kva hen diskuterer i den vesle boka som er ein del av serien Norsk røyndom.

Fridtun startar med eit historisk tilbakeblikk på korleis det har vore å vere skeiv i Noreg. Hen ser også på seg sjølv som ungdom og deler tankane sine om korleis hen fann ut av identiteten sin, og spør om korfor det framleis skal vere så vanskeleg å godta seg sjølv som skeiv. Hen kommenterer ein homodebatt som både engasjerer og provoserer.

Fridtun skriv også om korleis vi har det heterofile perspektivet i måten vi omtaler dei skeive på, kanskje vi ikkje er så tolerante som vi liker å tru, verken som privatpersonar eller som samfunn? Sjølv om Noreg held på å «vinne europameisterskapen i god homopolitikk», er det mange einskildmenneske som har vanskelege opplevingar og blir trakasserte, og som t.d. ikkje vågar å delta i ein prideparade.

Fridtun drøftar mange påstandar om og haldningar til homofili i samfunnet, korleis dei viser seg i kvardagshomofobien. Vi bruker metaforen «å kome ut av skapet» i daglegtalen, men Fridtun spør korleis han oppstod og korleis nokon blei plassert i skapet, og av kven?

Hen harselerer med skilnaden mellom dei av oss som karakteriserer oss som homovenlege og dei som er homofobe. Fridtun peikar også på kor lett det kan vere for oss i Vesten å vere kritiske til korleis muslimske land behandlar sine homofile, samstundes som ein kan tillate seg å kan vere kritisk til lokale homoaktivistar. Hen åtvarar mot å setje minoritetar opp mot kvarandre. Dette er ei bok som trengst i debatten, og som får oss til å tenkje over kva språk vi bruker og om vi verkeleg er så homovenlege når det kjem til stykket.

Utdrag frå boka: