Astri Sudmann: Syng og leik i lag

Astri Sudmann har samla 65 songleikar til bruk i barnehage og skule, saman med ungdommar, vaksne og på aldersheimen. Nokre av tekstane er på dialekt, andre er på nynorsk eller bokmål. Sudmann er utdanna lærar, reiser rundt med Den kulturelle skulesekken og er lærar i dans på Ole Bull Akademiet. I føre- og etterordet skriv ho at ho brenn for den livsviktige leiken. I songleiken kan alle vere med. Her er det ingen konkurranse eller krav til prestasjonar. Ein kan leike ute eller inne, og treng ikkje noko utstyr for å kome i gang.

Boka viser også nokre gode metodiske knep for korleis du som lærar eller barnehagelærar kan setje i gang og leie songleiken. Målet er at alle skal oppleve at dei er med, og at dei kjenner meistring og glede i leiken.

Syng og leik i lag er trykt i eit hendig format, med ark som toler eit par regndropar, og med spiralrygg. Dette er praktisk, så held boka seg oppslått på den sida du vil, og du har hendene frie. Innhaldslista er organisert etter korleis gruppa blir organisert i songleiken, til dømes dansande i ein ring, ei rekkje, parvis eller ståande i ring. Samlinga er rikt illustrert med foto av små og store leikande. Du finn notar på alle melodiane, og instruksjonar for songleikane.