Bente Bratlund og Rui Tenreiro: Kvar er Lurven?

Tore har ein firbeint bestevenn, Lurven. Han er slett ingen rasehund, men for Tore er han den beste og mest verdifulle hunden i verda. Ein kveld skal Tore og kusina Britt på teaterframsyning på skulen, og Lurven følgjer etter dei. Dei prøver å seie til hunden at han må snu og gå heim, men ingenting nyttar før Britt snakkar til han med skikkeleg streng stemme. Då snur Lurven og tuslar heimover. Trur dei. Men Lurven kjem ikkje heim den kvelden, og heller ikkje neste morgon. Tore er redd og lei seg. Kvar kan bestevennen vere?

Kvar er Lurven? er ei lettlesen bok som har akkurat nok spenning til at ein ikkje vil leggje boka frå seg. Det er lite tekst på kvart oppslag, og det er eit avgrensa persongalleri å halde orden på. I tillegg til å handle om vennskap på tvers av alder og mellom dyr og menneske, inneheld boka livsvisdomsord som «Bestemor seier at å gråte er like sunt som gulrøter».