Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Djevelen vil alltid finne deg

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 53–63)

«Første gongen eg såg Regina Korp, var i skumringa ein kveld i april.» Slik startar denne spennande grøssaren, og det er Onu 15 år som fortel. Regina og familien har flytta inn i den gamle prestegarden, men det er noko svært underleg med dei. Dei går kledde i grøne, folkedraktliknande klede, og i tillegg er dei lite imøtekommande.

Regina skal gå i same klassen som Onu, og då blir dei fire til saman. Dei to andre er Alex som stadig har leie kommentarar til Onu, og Irmelin som Onu synest er veldig fin. Første dagen Regina er på skolen, får dei eit foredrag om den gamle grotta som finst i den vesle bygda. Det knyter seg mange forteljingar til grotta, ho har blitt sett på som ein heilag stad, medan andre har vore redde og meint at ho er djevelens hole. Det skal til og med finnast ei svartebok gøymd der inne. Dei blir sterkt åtvara mot å gå inn i hola.

Sjølvsagt vil Alex nettopp det. Onu lovar at han skal bli med, sjølv om han eigentleg ikkje vågar. Irmelin er tøffare. Dei møtest om kvelden, og i skodda finn dei til slutt inngangen til hola. Alle tre blir skremte av det som viser seg å vere flaggermus, men vågar seg lenger og lenger inn. Til slutt kjem dei inn i ein stor steinsal, og det einaste som finst der, er ei likkiste. Irmelin vil opne lokket, men dei to andre er livredde. Likevel gjer dei det, og finn ei bok som heiter Djevelens gjenføding. Dei vågar seg på å lese på første sida: «Når denne boka blir opna, vil det skje. Da er tida inne. Kjære lesarar: De er hjelparane. De skal mane barnet mitt fram. Her. På denne staden». Plutseleg oppdagar dei at det er andre folk med ei lommelykt der.

Kven er det som kjem? Finst det ein stad å gøyme seg? Og kva i all verda skal dei gjere med svarteboka? Dei tre blir i første omgang redda av ein flaggermussverm, men det er no problema verkeleg startar.

Dei tre ungdommane veit ikkje kva krefter dei har gjeve seg i kast med, eller om dei verkeleg kan stole på kvarandre. Dei prøver også å finne ut meir om familien Korp, og korleis det eigentleg heng saman med dei. I svarteboka har dei lese at dei må møte på Høgberget på valpurgisnatt, for då vil dei få vite kven som blir gjenfødd som djevelens barn. Det er det eitt døgn og sju timar til …

Lars Mæhle har skrive ein handlingsmetta ungdomsroman som både er spennande og veldig skummel. Her veit ein ikkje kven som er venn eller fiende, og kven ein kan stole på. Det er også ei forteljing der lesaren aldri heilt kan slappe av, for når ein trur ein har forstått noko om korleis saker og ting heng saman, så vender historia.

Boka finst òg som digital lydbok.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
9–12
ungdomsbøker
lettlesne bøker