A. Audhild Solberg: Den svartkledde jenta

Hanna er 16 år og kjæraste med Leo som er mykje eldre. Han hentar ho i bilen sin, og byr ho alkohol. Han spør om det er greitt at Hanna går heim sjølv etterpå, for han vil helst ikkje at nokon skal vite om at dei er saman. Hanna seier det er greitt, for ho vil ikkje innrømme kor mørkeredd ho er.

På vegen heim må ho passere den gamle prestegarden med den gamle dokkestua. Ho legg på sprang, og det er ei svartkledd jente som følgjer etter ho. På brua over elva begynner jenta å skrike, og like etterpå er ho borte. Bestevenen Jonas fortel at kusina hans, Bettina, har flytta inn i prestegarden saman med familien, og at ho er ei veldig spesiell jente. Då må det nok vere ho som har følgt etter Hanna.

Neste gong Hanna treffer Leo, skjer det same. Ho må gå heim aleine langs den mørke vegen. Den svartkledde jenta følgjer etter, og ute på brua seier ho: « Ikkje ver redd. Det er snart over» og «Det er ikkje di skuld at du må døy, det er hans». Hanna trur dette har med Leo å gjere, og seier til jenta at ho berre kan få han. Leo har på si side fått ei tekstmelding frå Bettina om å halde seg unna Hanna.

Då Hanna møter Jonas saman med Bettina, innser ho at den svartkledde jenta som har følgd etter ho, slett ikkje er Bettina. Og Jonas har ikkje sett jenta, endå Hanna såg at ho har gått rett bak han. Men kven er då den svartkledde jenta? Og kvifor skrik ho slik? Kva går eigentleg føre seg i den gamle prestegarden?

Undervisingsopplegg om serien Grøss og gru

Utdrag frå boka: