Norsk røyndom

I serien Norsk røyndom fortel utvalde forfattarar om tema dei er opptekne av, forteljingar om den norske samtida. Det har til no kome sju bøker i serien, om aktuelle tema som rasisme, utanforskap, kristen tru og homofili. Forfattarane skriv personlege essay baserte på livserfaringar og observasjonar. Historier som opplyser oss og får oss til å reflektere.

Bøkene er skrivne i eit lettfatteleg og uformelt språk, fleire av historiene er delte inn i korte kapittel, og det er relativt lite tekst per side. Bøkene er ikkje lengre enn at dei kan lesast i eitt, men det går også an å lese og bruke utdrag frå bøkene i undervisninga.

Bøker i serien med eigne boktips

Utdrag frå andre bøker serien