Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut

Bo har det fint aleine heime saman med matmor. Men ein dag flyttar hunden Viktor inn. Då bestemmer Bo seg for å finne ei ny plass å bu. Han er innom fleire stadar på leiting etter ein ny heim, men finn etter kvart ut at den beste plassen å vere er heime med matmor og Viktor.

Boka er skriven og illustrert av Trude Tjensvold.

Tematikken i denne boka er det mange barn som kan kjenne igjen. Det kan vere vanskeleg å skulle tilpasse seg til dømes nye familiemedlemmer eller nye situasjonar, og i nokre tilfelle kan ein føle seg oversett. For mange kan det første instinktet fortelje oss at vi gjer best i å rømme frå vanskelege situasjonar. Men det er fin lærdom i å møte utfordringar og kome fram til ei løysing som passar alle. Bo flyttar ut er eit fint eksempel på dette.

Bo flyttar ut er ei fin bok til høgtlesing, og med boka på skjerm får elevane god innsikt i illustrasjonane i boka. Illustrasjonane støttar verbalteksten og dei er handlingsdrivande i det at dei fortel ting som teksta ikkje gjer. Soleis er boka også fin å bruke for dei minste i skulen. Ferske lesarar kan raskt orientere seg i forteljinga ved å tolke det visuelle.

Utdrag frå boka

Undervisningsopplegg for 1. og 2. trinn

Last ned undervisningsopplegg i norsk og naturfag for 1. og 2. trinn.

Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut (1. og 2. trinn)

Kopioriginal naturfag
Tre på rad

Undervisningsopplegg for 3. og 4. trinn

Last ned undervisningsopplegg i norsk og naturfag for 3. og 4. trinn.

Bok på 1-2-3: Bo flyttar ut (3. og 4. trinn)

Kopioriginal naturfag
Skjema med dyreartar