Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Marianne Gretteberg Engedal: Pølsetjuven

Opplegg til boka:
Bok på 1-2-3: Pølsetjuven. Tverrfagleg undervisningsopplegg for barnetrinnet 1.–4. i norsk, kunst og handverk og samfunnsfag.

Familien til Kjell er tjuvar, men Kjell har ikkje lyst til å stela ting frå folk. Det einaste han stel, er ting som ingen eig lenger. «Å plukke søppel er ikkje å stele, det er å rydde. Tjuvar ryddar då ikkje», seier mor hans oppgjeven. Det heile toppar seg når venen til Kjell, Pølse-Per, dreg på ferie. Då krev familien at Kjell skal vera med og stela frå huset til pølsefamilien. Men må Kjell vera ein tjuv, berre av di familien hans er tjuvar?

Samlaget marknadsfører det her som ei biletbok, men då eg byrja lesa, såg eg til mi store glede at Pølsetjuven faktisk er ein teikneserie. Gode, norskproduserte teikneseriar for born veks ikkje på tre, og denne utgjevinga er difor eit kjærkome tilskot til den norske bokheimen. Då er det ekstra kjekt at boka er so god som ho er. Pølsetjuven er rett og slett ei av dei finaste bøkene eg har sett på lenge, og kvar einaste side boblar over av nydeleg fargebruk og spanande detaljar. Til dømes kan lesaren observera fleire kjende kunstverk på veggene heime hjå tjuvane, medan Pølse-Per har eit bilete av pølse i solnedgang på veggen sin.

Engedal utnyttar samspelet mellom skrift og bilete fullt ut. Skrifta er stort sett replikkar – med snedige detaljar som at den eldste tjuven snakkar med skjelvande bokstavar – medan bileta står for mykje av historieforteljinga. Fargane er òg med på å fortelja historia og syner veldig tydeleg kva tid Kjell synest noko er skummelt, som når han går ut i den mørke skogen, og kva tid han er glad.

Intervju med Marianne Gretteberg Engedal:

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
9–12