Mats Eldøen og Sindre Goksøyr: Viss eg hadde hale

Korleis ville det vore å ha øyre som ein elefant? Eller å ha hale som ein apekatt? Eller å vera tvikjønna som ein brunsnigel? Slike fabuleringar er utgangspunktet for denne leikne og originale faktaboka for born. Eldøen leikar seg med tanken på kva som kunne vore mogleg dersom han hadde hatt ulike eigenskapar som dyr har, og so visualiserer Goksøyr det på sprelsk og kroppsoverskridande vis. «Viss eg hadde hale som ein apekatt, kunne eg tørka meg i rumpa medan eg las teikneseriar på do», kan me lesa. Etterpå får me vita kva apekattar nyttar halen sin til.

I boka får me òg sjå kongeparet som sit og ser på Fantorangen, elefantar som solar seg, ein giraff som speler slåball med halsen sin, og mykje meir. Boka fløymer over av tull og tøys, men alt saman har rot i fakta om dyr. Fjasinga er dessutan av eit slikt slag at han er eigna til å setja i gang tankane til borna, noko som aukar sjansen for at dei kjem til å hugsa faktainformasjonen etter at dei er ferdige med å lesa boka.

Utdrag frå boka: