Linn T. Sunne: Mareritt

Mareritt er den femte boka i Grøss og gru-serien. Her møter vi Mattias som går i niande klasse og Mia, søstera hans, som går i andre klasse. Dei har saman med mamma nettopp flytta til Smeby. Dei har ikkje budd der meir enn ei veke før Mattias vaknar av eit skrekkeleg mareritt, han høyrer ei jente som skrik.

Han står opp av senga og ser ut vindauget. Ved sida av dokkehuset ser han ei jente: «Ei ganske lita jente, med bustete hår. Det er som om ho gløder, som om det brenn i auga hennar.» Mattias skjønar med ein gong at denne jenta ikkje vil han vel, men det var då vel berre ein draum?

Mia leikar mykje i dokkehuset, både saman med Aisha og ei ho kallar Anita. Mattias får ei ekkel kjensle når han er i dokkehuset, dessutan synest han det luktar røyk der. Han synest det er utrygt at Mia og veninnene er der.

På skolen får dei ei gruppeoppgåve i lokalhistorie, og Mattias kjem på gruppe med Ea og Julian. Dei skal finne ut om kriminalhistoria i Smeby, og bestemmer seg for at museet er ein god stad å starte. Der finn dei etter kvart ut at åtte år gamle Anita forsvann i 1985, og at det huset Mattias bur i, ein gong brann ned til grunnen. Det har også vore eit dobbeltdrap i byen.

Mattias har stadig mareritt om natta, og det er den same jenta han ser og høyrer. Ho seier fleire gonger at ho ikkje vil ha han her. Han fortel Ea og Julian om dei mystiske tinga som hender, og dei vil hjelpe han å finne ut av det. Ingen har tidlegare blitt buande i dette huset. Mattias fortel mamma om jenta han har sett, men ho trur ikkje på det. Ein dag skal han hente ei jakke i dokkehuset, og då er dørhandtaket så varmt at han brenn seg.

Nå startar jakta på å finne ut kva som har hendt i huset og under brannen, kven Anita er og om ho er den jenta Mattias ser. Og kven er Marianne? Dei oppsøker folk som har budd i huset før. Ei natt skal dei overnatte i dokkehuset, og det blir svært dramatisk …

Undervisingsopplegg til serien Grøss og gru.