Gunnar Garfors: Ingenstad – på tur til verdas minst besøkte land

Journalist Gunnar Garfors har vore to gongar i alle dei 198 landa i verda. Boka Ingenstad er reiseminne frå dei 20 minst besøkte landa. Nokre av landa har vi høyrt om fordi dei har fått oppslag i vestlege medium om «krig, terror, sjukdom og faenskap». Andre land er naturskjønne paradis med lite kriminalitet, men som er «så små og avsidesliggjande og dårlege til å marknadsføre seg sjølve at det aldri har vore nokon grunn til at du skulle høyre om dei». Gjennom samtalar og samkvem med menneske prøver han å teikne eit bilete av ulike delar av samfunnsliv og daglegliv. Målet har vore å formidle opplevingar og møte med kulturar folk veit svært lite om.

Sjølv om målet med boka er å formidle opplevingar i møte med menneske og natur i verdas 20 minst besøkte land, er det også baka inn faktakunnskap om historia til landa, styresett, infrastruktur og næringsverksemd. Vi får lese om korleis vi bør gå fram for å skaffe visum, hindringar ein kan støyte på ved innreise og utreise, korleis ein bør gå fram ved valutaveksling og pengeuttak og kva forventningar ein bør ha til prisnivå, mat og overnatting. Boka er også rikt illustrert med fotografi frå menneske han har møtt og stader han har besøkt. Slik sett er boka ei nyttig handbok om dette er land ein har planlagt å reise til.

Til bruk i skulen ligg kanskje verdien av boka først og fremst i at ho gir eit lite innblikk i korleis dei tenkjer, samhandlar og lever i desse delane av verda. Fleire av menneska Garfors har møtt, er godt utdanna i Vesten. Dei har reist tilbake til heimlandet med store ambisjonar for framtida til landet. Dei meiner potensialet absolutt er til stades med ressursar som attraktive råvarer, vakker natur og levande kulturliv, men at styresmakter, krig, korrupsjon og dårleg utdanningssystem hindrar framgang og utvikling. Her er det mange spennande refleksjonar ein kan diskutere med elevane.

Vi får også møte menneske som osar av både kreativitet, pågangsmot og skaparkraft. I São Tomé får vi treffe ein som lagar verdas beste sjokolade, frå kakaobønner til ferdig produkt, men som ikkje har ambisjonar om å ekspandere. På Salomonøyane bur ei aleinemor med amputert arm og ni born på eit vakkert resort som ho har bygd opp frå ingenting. I Kabul i Afghanistan har ein mann etablert ein moderne kafé med espresso, europeisk bakverk og gratis internett. Forfattaren skildrar også  samtalar med lærarar, kvinner i flyktningeleirar, FN-soldatar, fiskarar, prostituerte og korrupte politimenn. Nokre er deprimerte, nokre er resignerte, nokre meiner dei bur i verdas beste land, men mange har tankar om ei betre framtid og korleis ein må samarbeide for å komme dit.

Gunnar Garfors meiner at ein del av å reise er å la seg påverke av opplevingar, fundere over sosiale skilnader og ta eit aldri så lite oppgjer med sin eigen i-landsarroganse. Denne boka kan vere med og gje lesaren ei breiare forståing av andre kulturar, trusretningar og verdsoppfatningar og gjere noko med korleis ein ser på verda.

Utdrag frå boka: