Rakel Helmsdal, Kalle Güettler og Áslaug Jónsdóttir: Monsterbesøk og Monsterknipe

Omsetjing: Tove Bakke

Dei to nye bøkene om Veslemonster, Storemonster og den nye venen Raggmonster er parallelle historier som kan lesast kvar for seg.

I Monsterbesøk vil Storemonster leike med Veslemonster. Men Veslemonster kan ikkje, for Raggmonster er på besøk.

Veslemonster og eg skal ut og fiske, det gjer vi alltid om laurdagen.

– Kjem du, då? spør eg.
– Kor hen, svarer Veslemonster.
– Ut og fiskar, vel! seier eg.
– Nei, seier Veslemonster.
– Eg har ikkje tid. Ha det!

Storemonster tykkjer ikkje det er noko moro å leike åleine. Skal tru om dei kan leike saman alle tre? Monsterbesøk er ei bok om kor vanskeleg det er å vere tre.

I Monsterknipe har Veslemonster fått besøk av Raggmonster. Igjen. Men denne gongen vil ho ikkje gå heim. Kvifor det?

– Skal Raggmonster vere på besøk lenge? murrar eg.
– Ja, Raggmonster seier ho aldri meir skal gå heim, svarer Veslemonster brydd.
– Kva? Aldri meir?
– Nei, aldri, sukkar Veslemonster.

Raggmonster seier ho ikkje kan gå heim. Det forstår ikkje Storemonster og Veslemonster noko av. For alle kan vel gå heim? Monsterknipe er ei bok om å hjelpe ein venn som har det leitt.

Dette er stramt komponerte bøker, med gjentaket som viktigaste verkemiddel, men teksten er likevel underhaldande og lettbeint. Illustrasjonane er leikne og uttrykksfulle, og dei støttar opp om og utfyller teksten. Slik er dette bøker som eignar seg fantastisk godt til lesetrening, samtidig som dei er gode samtalebøker.

Relasjonen mellom Storemonster, Veslemonster og Raggmonster er gjenkjenneleg og pedagogisk framstilt.

Her lærer monstera at å inkludere kvarandre kan gjere leiken enno betre, og dei lærer å vere til stades for og vere med på å finne løysingar for venner som treng hjelp.

Bokserien er omsett frå islandsk, men dei kunne like gjerne vore omsette frå svensk eller færøysk. Svenske Kalle Güettler, færøyske Rakel Helmsdal og islandske Áslaug Jónsdóttir har samarbeidd om serien, og alle bøkene kjem ut parallelt i dei tre landa. Det uvanlege samarbeidet har gitt gode resultat – til no har det kome ut sju viltre og godt likte bøker om monstervenene på norsk.