Hildegunn Bjelland: Krabben Klara og konkylien

Forteljinga om krabben Klara og konkylien er ei fantasifull forteljing om eit viktig tema, plastforureining i havet.

Forteljinga vert presentert frå dyra sin ståstad, og vi møter krabben Klara som får eit viktig oppdrag. I historia møter Klara dessutan nye og mystiske dyr som du aldri har møtt før.

Krabben Klara og venen hennar, Seien, lever i eit undersjøisk kongerike på botnen av havet. Ein dag er venen hennar forsvunnen. Brått byrjar det å hende mystiske ting som gjer at Klara vert lokka langt bort frå huset sitt og ut i det ukjende. Kven er det som syng den magiske songen? Kor kjem dei underlege spøkelsesfiskane frå? Vil ho rekke å utføre det vanskelege oppdraget som ho etter kvart vert sendt ut på?

Boka passar bra for lesarar kring 7–8-årsalder.