Bok på 1-2-3: Skalla

Iben likar ikkje å vere på sjukehus, men veit at ho må dit likevel for å få livsviktig behandling. Rett etter at dei har funne rommet dei skal sove på, står det ei jente i døropninga, utan eit hår på hovudet. Jenta presenterer seg som Skalla-Malla, og tek Iben med på oppdagingsferd rundt på sjukehuset. Saman gløymer dei alt som er vanskeleg og leitt, og dreg til hemmelege og magiske rom.

Iben mister venninna si, så boka romantiserer ikkje det å vere alvorleg sjuk. Likevel er det livsglede og livskraft som er grunntonen i forteljinga.

Utdrag frå boka

Undervisingsopplegg

Last ned undervisingsopplegg i norsk, kroppsøving og samfunnsfag.

Undervisingsopplegg (PDF)

Musikk som er nytta i opplegget:
Song 1
Song 2
Song 3
Song 4

Døme på drama- og leikeaktivitetar

Forfattaren presenterer boka