Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Nattmannen

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka (s. 7–16)

I fleire hundre år var arbeidet med å rydde etter folk sett på som så ureint at ein aldri kunne bli rein igjen om ein først hadde skitna seg til. Å vere nattmann innebar å vere utstøytt sosialt og å misse æra, like mykje som å gjere tungt og illeluktande arbeid nattestid. I tillegg til å køyre vekk driten og rydde i gatene måtte nattmannen rydde etter bøddelen, flå hestar og tømme nattpotter.

Anders Totland har leita i arkiv, vitskaplege artiklar og bøker etter historier om nattmenn. I boka Nattmannen får vi høyre historiene til fleire menn og familiar. For det var ikkje berre nattmannen sjølv som fekk merke den sosiale utstøytinga. Også familiane deira var ærelause, borna fekk ikkje gå på skule saman med dei andre, og det vart uglesett å gjere handel med familien til nattmannen.

Historiene fortel også om avstraffingsmetodar på 1700-talet, der vegen til straffarbeid, fysisk straff eller galgen kunne vere kort. Men korleis tok samfunnet hand om dei avretta etterpå? Og kva om det var han som elles ville ha køyrt liket bort, som sjølv var avretta?

I boka får vi også vite kvifor og korleis nattmannyrket døydde ut på slutten av 1800-talet.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
ungdomsbøker