Alfred Fidjestøl: Som ein bror. Historia om sjimpansen Julius

«Som ein bror» er ei sakprosabok om sjimpansen Julius, som for førti år sidan måtte bergast ut av flokken i Dyreparken i Kristiansand, og som levde i to menneskefamiliar før han vart tilbakeført til sjimpansane. Det er ei spennande forteljing. Mange barn har sett og helsa på Julius i dyreparken, men boka er like interessant for dei som ikkje kjenner Julius i det heile teke. Boka fungerer både som høgtlesingsbok for dei yngste og som lese-sjølv-bok for dei litt eldre på barneskulen.

Visuelt er boka lekker og innbydande, med mange foto frå kvardagen til Julius. Språket er lett og daglegdags, og forfattaren balanserer fint mellom å dele faktakunnskap og å byggje opp ei spennande forteljing som vekkjer kjensler og empati hos lesaren.

Vi får mellom anna høyre kva som skjedde då Julius måtte hentast ut av flokken og korleis kvardagen var for dei fire borna som hadde Julius buande hos seg eit år, som ein bror. Den dag i dag skil Julius mellom «søskena» frå menneskeverda og andre besøkande i parken.

Etter kvart som Julius vaks til, måtte han gradvis flytte tilbake til dei andre sjimpansane, men det var ikkje berre enkelt. Stadige fluktforsøk utfordra dyrepassarane. Pulsen stig enno eit hakk når vi les om sjimpansefaren til Julius, Dennis, som ein gong fekk tak i Edvard, direktøren i dyrehagen, og det heldt på å ende skikkeleg gale.

Det er ikkje berre enkelt å vere ein sjimpanse prega av menneska. I ti lange år kunne ikkje Julius bu saman med dei andre apane. Men så skjedde det noko som gjorde at Julius endeleg kunne få det godt i flokken.

Fidjestøl har også skrive vaksenbok om Julius (2017), med tittelen Nesten menneske. Biografien om Julius.

Utdrag frå boka: