Sunniva Relling Berg: Polarnatt

Illustrert av Bjørn Rune Lie

16 år gamle Ilias bur på asylmottak saman med søstera si Amira, som er ni år. Men så skjer det noko farleg som gjer at dei må rømme vekk. Dei må ut i den mørke natta.

«Vinden er isande kald, og dei har dårleg tid. Snart høyrer dei snøskuteren som jaktar på Ilias. Kven kan hjelpe dei gjennom den frosne vinternatta?».

Kven kan Ilias og Amira stole på? Dei har rømt ut i vinterkulden, men var det så lurt? Dei blir fort nedkjølte, og dei veit ikkje kor langt det er til huset der Henriksen bur, der dei håpar å få hjelp. Samtidig jaktar Nils dei på snøskutar, og Ilias skuldar han pengar. Nils og Amira må gøyme seg i brøytekanten. Men dei blir våte og kalde. Snart høyrer dei ein bil, og ei dame kjem ut og vil hjelpe dei. Ho vil ta dei med inn i bilen og inn i varmen, men kan dei stole på den framande dama og mannen? Dei har ikkje noko val, for frå andre sida kjem Nils køyrande på snøscooteren. Det er varmt og godt inne i huset hos Gerda og Jens. Men så fortel Jens at han skal ringe til politiet i morgon, så dei kan få hjelp. Ilias blir redd, han vil ikkje ha noko med politiet å gjere.

Midt på natta kryp han ut vindauga frå soverommet, og han tek med seg søstera ut i vinterkulden igjen. Men var det så lurt, for Nils jagar framleis på Ilias. Vil dei klare å finne fram til Henriksen ved foten av fjellet? Og kven er eigentleg Henriksen som dei andre på asylmottaket har snakka så fint om? Kven kan dei stole på? Kva tid er dei trygge? Kva var det Ilias har gjort som var dumt? Kva tid kan Amira føle seg trygg igjen? Ho er så redd. Dei ser polarlyset på himmelen som minner dei om mamma, og som gjev dei eit håp om at det må gå bra til slutt.

Boka har mange spenningstoppar, og det kan ei tid verke som Ilias sine forsøk på å redde søstera og seg sjølv er fånyttes. Når han trur dei er trygge, skjer det plutseleg noko.

Boka der delt opp i passe lange kapittel, og ho er illustrert med grå teikningar. Det er ei lettlesen spenningsbok på 80 sider. Boka er skriven i prosadikt-stil, og ho passar til born på mellomtrinnet frå 10–12 år. Eldre born kan også ha utbytte av å lese boka.