Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag: Over

Over er den ferske andreboka i det som skal verta trilogien Søsteranarkistane (fyrste boka heiter Under). I serien møter me den unge jenta Ela, som saman med systera Sika kjempar for fridom. Det heile går føre seg i eit totalitært og nedslite framtidssamfunn ein gong etter den andre store utryddinga.

Etter flukta frå Zeijang-Volvo er Ela og Sika no om bord i ein gamal båt. Men kvar er båten på veg? Og kven kan dei stola på? Den innesperra og trykkjande stemninga på det gamle, rustne skipet vert ekstra tydeleg i kontrast mot det frie, opne havet kring dei. Samstundes viser det seg at mykje av det som ser ut som natur, ikkje er det. Til dømes er måseflokken over båten ein dronesverm, styrt av ein gamal kunstig intelligens.

Språket i boka, med innslag av russisk, kinesisk og svensk, styrkjer kjensla av at det her er eit samfunn tufta på restane av tidlegare sivilisasjonar. Dei språklege bileta er òg med på å gjera denne dystopien ekstra levande. To jenter er «like som klonar», ord treffer «som glødande metallspon», sjøen er djupblå «RAL5020», tomme felt på eit kart «grin som forlatne sektorar» og lys blinkar «som signal frå eit gløymt meldingssystem».

Boka byrjar med ei oppsummering av hendingane frå fyrste boka, men eg vil likevel sterkt tilrå å lesa Under før du går i gang med Over.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
ungdomsbøker