Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Christian Wiik Gjerde: Jul på Bukken hotell

I Blomholmen by snør det lett 1. desember, men det er likevel ikkje det spor julestemning i byen, synest Fredrik. Han er heime på juleferie frå kostskulen i Sveits, men det viser seg at dei ikkje kan bu heime på mange månader. No er han og foreldra på veg til eit hotell, der dei skal bu medan det er folk i huset deira som ordnar opp i vasslekkasjen og museinvasjonen. På veg til hotellet opnar Fredrik ein konvolutt som er adressert til far hans, ordførar Hanzon. Ein mystisk medalje ramlar ut. Avsendaren er ein som kallar seg Krampus, men Fredrik har ei kjensle av at det ikkje nødvendigvis er eit godt teikn å få ein medalje frå han. Dessutan er ikkje foreldra til Fredrik særleg hyggelege, og han mistenkjer at den manglande julestemninga har noko med ordførarpappaen hans å gjere.

Bukken hotell viser seg å ha desemberstengt, men etter mykje om og men får familien ta inn der likevel. Der inne manglar det ikkje julestemning, og det hender mykje der som ikkje hender andre stadar. Fredrik treffer dessutan nissejenta Fryd, og dei oppdagar at Krampus er ein fråfallen og ond nisse som har kidnappa sjølvaste Erkenissen. Dessutan truar Krampus med å sende alle nissane i Den evige kvila, så her må noko gjerast for å berge både nissane og jula. Snart er Fredrik og Fryd i gang for å lage god jul, piripam!

Jul på Bukken hotell er delt inn i 24 kapittel og har illustrasjonar på nesten alle oppslaga. Språket er levande og historia er sprelsk – dette er ei retteleg fin historie å lese i lag i ventetida. Vil kjærleiken og håpet overvinne mørkeret?

Utdrag frå boka:

Krampus-tradisjonar finst i mellom anna Austerrike og Bayern. Her kan du sjå ein film om krampus-opptoget i Bayern.

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
6–9
Frost
3–6
3–6