Atle Berge og Henning Lystad: Robot-Birk

Vi kjenner att gutane frå dei første bøkene om Barcelona-gjengen. Denne forteljinga startar med eit dramatisk fall som endar med sjukehusopphald for Birk. Både han og resten av fotballaget synest det er heilt forferdeleg. Snart er det nemleg årets viktigaste kamp. Kven skal no rope «skyt» når Moa skal skyte? Det brukar Birk alltid å gjere, og no ligg han på sjukehus og kan verken rope eller spele fotball. Men kanskje dei kan låne roboten, som er auga og øyra til Birk, og som rektor brukar i klasserommet medan Birk er for sjuk til å kunne følgje undervisinga på skulen? Klarer dei å få lånt roboten utan at nokon merkar noko, og klarer dei å vinne kampen?

Leseland, nivå tre