Magnhild Bruheim: Avlyst på grunn av sorg

Magnhild Bruheim er ein av dei fremste som skriv for ungdom på nynorsk. I Avlyst på grunn av sorg blir kjærleikssorg, svik, vennskap, omsorgssvikt og livsvilje tematisert. Vi møter Eline ved oppstart av vidaregåande skule. Livet smiler. Sommaren har vore innhaldsrik, ho er saman med ein flott gut som heiter Jonas, ho har gode venner, og ho skal endeleg starte på musikk, drama og danselinja. Ho har også stor tru på at ho kan få hovudrolla i musikkspelet som skal setjast opp ved skulen!

Brått og uventa blir ho dumpa av Jonas. Han har møtt ei ny, og det er kjærleik. Nederlaget blir ekstra vanskeleg å bere når det viser seg at det er hennar beste venninne, Sunniva, som er den nye kjærasten. Eline får kjenne på sjalusi, maktspel og skam i hendingane og konfliktane i seinsommarvekene som fylgjer.

Eline søkjer tilflukt i skogen. Der møter ho Tomas som lever i skjul ved eit tjern. Han gøymer seg for politiet som leitar etter han. Det oppstår ei tillit og ein vennskapsrelasjon mellom dei to ungdommane, og dei deler etter kvart historiene sine med kvarandre.

Har dei to eigentleg like stor rett til å sørgje? Og kva er eigentleg viktig i livet?

Utdrag frå boka: