Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ingelin Røssland: OMG

Ingelin Røssland skildrar ungdomskulturen, tankar, språk og hendingar rått og sårbart. I OMG møter vi Maria på 15 år. Livet handlar om å bryte grenser og gjere opprør. Å feste, status i flokken, hærverk, å erobre unge menn med raske bilar og å skaffe seg seksuell røynsle. Maria identifiserer seg med mørk råskap og viser ikkje nåde til nokon. Heller ikkje mor si, besteveninna Julie, eller mormor, som utgjer hennar nærmaste etter at ein kjær morfar gjekk bort.

Ein fest går over styr, og Maria blir skyssa heim i politibil. Dette får begeret til å flyte over for den fortvila og slitne mor hennar. Anten ringer ho barnevernet, eller så tek Maria ei veke hjå den strenge mormora i Tysnes. Utan mobil og Internett.

Mormor pålegg Maria å vere med på alle dei kristne ungdomsarrangementa i bygda. Gudstenester, måndagsklubbar og friviljug arbeid. Her forelskar ho seg i prestesonen Johannes, som viser omtanke og interesse for Maria. Samstundes er ikkje den hardhendte, perverse og uføreseielege nesten-kjærasten i 20-åra heilt gløymd.

Veka i Tysnes byr på både positive og negative overraskingar. Hemmelegheiter og sterke kjensler. Vil Maria opne meir opp for det lyse og nådefulle?

OMG er eit samarbeid med Leser søker bok. Boka er oppslukande og høver for ungdom mellom 14 og 18 år.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

ungdomsbøker
lettlesne bøker
9–12
ungdomsbøker